Søk
  • Monica Bjermeland

Meldingar

Oppdatert: 24. sep. 2020

63 måtar å elske deg på hadde flaks og fekk sine femten minutt.


Eg tok med Cille Biermann i NRK Bok til den tidlegare stamkafeen min, Noahs Ark på øvre Grünerløkka. No har eg migrert til den tyrkiske restauranten Mevlana i Trondheimsvegen.


Vårt Land hadde ei kjempefin melding, men eg må nok, med respekt å melde, leggje til at eg synest ein romankarakter må få lov å mislike ideen om tilgjeving sjølv om bokmeldaren (og forfattaren) har eit romslegare syn på saka.



Stavanger Aftenblad publiserte også ei svært fin lesing, kanskje den som ligg nærast det eg prøvde med dette prosjektet. Eg kjende meg rett og slett forstått av Sigmund Jensen.


Og frå den for meg litt framande bokbloggverda: Alle må lese! Helene R. Fagermo. Boka BURDE vere ein snakkis! Elin B. Sjølie.


Denne vil eg tilrå på det varmaste! Ingebjørg @lesehjarte

8 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle