Søk
  • Monica Bjermeland

63 måtar å elske deg på

Oppdatert: juli 1

I august 2019 gav eg ut romanen 63 måtar å elske deg påDet norske Samlaget. Boka handlar om saknet av far, om å vere mor, om flukt, om å finne sin stad i verda og om Tyrkia.


Unge og vaksne Gabriella har gjennom livet oppsøkt sin unnvikande far, noko som har vist seg ganske øydeleggjande, og likevel prøver ho igjen, i dobbel krisetid i vaksen alder. Ho tek med seg Maria, fireåringen, via Istanbul og til Hatay-distriktet i sørlege Tyrkia.


Boka handlar om Gabriellas og omgjevnadene si fortviling, om Tyrkias vanskelege posisjon som ein av Syrias næraste naboar, om forskjellige typar diskriminering, sår ungdomstid og om eit av verdas beste kjøkken – inkludert granateple og korleis skrelle denne frukta.


Vi leiar etter noko, noko vi kan kjenne att. Ei flaske kaldt vatn. Ein snill onkel. Ei seng å sove i. Ei forsikring om at alt kjem til å ordne seg. Eg lengtar etter å vakne om morgonen utan draumar eg ikke forstår, utan tankar som går i same bane, utan spørsmål om kvifor ting er som dei er, kvifor historia mi blei som ho blei. Vil berre vakne og vere.

Mykje av handlinga går føre seg i dagens kriseramma Tyrkia som sperrar inne dei intellektuelle, utøver vald mot kvinnene og utnyttar dei sårbare syriske flyktningane dei husar.


Utanfor kyrkja er stemninga uroleg og uoversiktleg. Folk har stimla saman kring en blå bil, ein Saba Saipa. Iranskprodusert, men med syriske skilt. (...) Onkel kommanderer snart meg, snart ein annan medan han roar ned flyktningane og landsbyfolk som har kome bort. (...) Han vil ikke bruke ordet flyktning. Dei er vener, arkadaşlar. Menneske med namn og stemmer.

Opplesinga over er frå dei store debutantdagane på Litteraturhuset i Oslo, desember 2019.

Women are second-rate people in this country, the slaves of slaves. I'm sorry. Ho tenner ein sigarett, trekkjer røyken langt ned, blæs han sakte ut, oppover for å skåne Maria. Røyken snirklar seg sakte forbi dei grøne augelokka hennar. Eg får lyst på ein, eg også. – And you, is it your first time in Turkey? Ei stadfesting meir enn eit spørsmål.

Høyr NRK Boks

intervju med meg om boka og skriveprosessen.


På biletet er eg på debutantprat på Aasentunet i Ørsta saman med dei begava forfattarane Oda Malmin og Vesaasvinnar Lars Svisdal. Siri Beate Gjerde (t.h.) var møteleiar.

Pappa er ikke far din. Orda dett ut av munnen på mamma som om dei er heilt vanlege ord, heilt vanleg språk, liksom. – Kva sa du? spør eg lett. (...) Mamma seier av og til rare ting. Gjer rare ting. Dansar rare dansar. Eg blir ofte flau. – Pappa er ikke far din. (...) – Kva sa du, tullemamma? Eg knip saman auga og legg hovudet på skakke, testar ho ut, er sikker på at vi kjem til å le av dette snart.

Eg var heldig å få nokre formidlingsoppdrag hausten 2019 og arbeider vidare med dette i 2020, blant anna for Den kulturelle skulesekken i Oslo, samstundes som eg skriv på ein ny roman.


Førsteopplaget til 63 måtar vart utseld i november 2019, så no kan du skaffe deg ei utgåve med færre skrivefeil! Teaterforlaget Songbird har scenerettane til boka.



0 visninger

© 2020 av Monica Bjermeland. Skapt med Wix.com