Søk
  • Monica Bjermeland

Tafjordfjella før du døyr

Oppdatert: okt. 16



Det er 75 år sidan Joachim Rønneberg og kompanjongar lyktest i å sprenge Stuguflåtbrua og blokkere jernbanetrafikken til og frå Romsdal i nesten tre veker. Eg og sambu tok turen til den sagnomsuste Fieldfare-hytta som ligg midt i hjartet av Tafjordfjella – open for alle!



I mars 1944 blei Kompani Linge-offiserane Joachim Rønneberg, Birger Strømsheim og Olav Aarsæther, alle frå Ålesund og alle medlemmar i Ålesund-Sunnmøre Turistforening, droppa over Tafjordfjella – etter to mislykka forsøk. Også denne gongen gjekk det sånn passe; dei hamna over to mil frå planlagt droppunkt, midt på natta.


Målet var etterretning i øvre Romsdal og Ottadalen samt å førebu jernbanesabotasje. Motstandsgruppa, som fekk namnet Fieldfare (gråtrost), blei buande i Veltdalen i Tafjordfjellmassivet i eitt år før dei fekk gjennomført aksjonen.


Sommaren 1990 rekonstruerte Joachim Rønneberg Fieldfarehytta nett slik krigskvarteret var, og gav ho i gåve til Ålesund-Sunnmøre Turistforening. I dag kan dermed du (og to vener) booke dykk inn i dette fantastiske museet og overnatte der – det vil seie, så fort Covid 19-pandemien er over. Akkurat no er berre dagsbesøk mogleg.


Første etappe – sommar


Første etappe mot Fieldfarehytta for vår del, var bilvegen langs vene verdsarvfjordar og til Zakariasdammen inst og øvst i Tafjord, der vandringa mot Reindalseter byrja. Zakariasvatnet rommar svimlande 70 milllionar kubikkmeter vatn og er framleis ei surklande gullgruve for kraftselskapet i bygda slik ho har vore det i hundre år.


Frå Zakariasdammen og til Fieldfare-/Veltdalshyttene, er det totalt 17 kilometer og 1000 effektive høgdemeter. Turen inn tek fem til sju timar. Deilig løvskog, bugnande blåbærlyng og snille, godt opparbeidde turstiar tek deg heile vegen inn til dei første setrene, først langsmed vatnet og dernest forbi elver, fossar og bekkar. Første del av turen er unnagjort innan to timar.


Allereie her, i starten på stigninga etter å ha passert Zakariasvatnet, utbraut medvandraren min (som er frå sørlandet og bur på austlandet), at dei austlege og sørlege heiene kan gå og leggje seg, noko han gjentok i versalar seinare.

Myrull! Spinnbar for prinsesser, dekorativ for oss andre. No nærma vi oss Reindalseter og bjørka var erstatta med furu, i alle aldrar. Nokre av furutrea må ha stått der i hundrevis av år.


Ein mjuk og venleg fønvind følgde oss heile vegen frå parkeringsplassen ved Zakariasdammen og opp i Reindalen. Ikkje like frigjerande som når han kjem i november eller januar, men vi var på nordvestlandet der all vêrleg mildheit er velgjerande.


Framme på Reindalseter, er det minst ein ting å gjere: ete dei nydelegste av vaflar (som dessuten var så fyldige at dei heldt oss mette nesten heilt fram til øvre Veltdalen). Om du er der rundt kl.18, kan du til og med kjøpe deg ein trerettar. Turisthytta er romsleg og fullt betjent i turistsesongen. Hundar er også velkomne.


Andre etappe – haust


Etter Reindalseter og Jakobselet byrja turen å bli verkeleg interessant. Vi snakkar Mordor-vibbar, røft fjellandskap og synkande temperatur (var Tolkien nokon gong i Nedre Veltdalen, tru?) Men retninga var enkel; berre å følgje den utvitydige skiltinga og merkinga innover dalen og oppover mot Fieldfarehytta og Veltdalshytta.



Gammal furu med mange slektningar i same generasjon. Etter kvart, om lag der elvedalen for alvor smalna inn, byrja skogen å tynnast ut.


Stemninga er lystig på bildet over, men du skulle sett Nedre Veltdal i regnet, sluddet og skodda dagen før, då vi konsentrerte oss mest om å kome oss vidare, baska oss gjennom den etter kvart langt mindre venlegsinna vinden. Mot toppen av eit fjell der fønvinden bles på lesida, må det nødvendigvis regne og blåse meir hustrig.


Vårløysinga kom seint i Veltdalen i år. Folk sa dei aldri hadde sett så mykje snø i fjellet som denne sommaren. Fleire stader måtte vi vandre over fonner og rundt oss rann og surkla det som om vi stod midt i eit akvarium.


Ingen vits i å drasse med seg vassflasker; ein ny bekk eller ei ny elv var alltid rett rundt neste knaus.



På vegen inn trefte vi ingen andre, sjølv ikkje på ein søndag i slutten av juli. Både landskapet og folketomheiten ga oss den gode villmarkskjensla.


Her nærma vi oss toppen av elvedalen Nedre Veltdal og landskapet opna seg meir opp og flata ut. Dette er ein vandretur, nesten uten bratte parti, blotta for både klyving og klatring. Eit snev av luftigheit rett før vi toppa kløfta, elles ein tur av den fotfaste sorten.



Tredje etappe – vår


Turen gav oss verkeleg ei kjensle av å vere tre-i-ein, både fordi landskapet endra seg markant undervegs, og i vårt tilfelle også fordi været og temperaturen gjorde det. Vi gjekk frå 21 til tre varme i løpet av denne søndagen.


Svaberga mot slutten var stort sett snø- og isdekte, slik også dei fleste av dei små vatna var.


Til venstre ved midten av dette vatnet ligg Veltdalshytta, der vi hadde booka rom på førehand. Hytta er ikkje betjent, men har både eit romsleg tørrmatlager og ein hyggeleg vert til stades.


Før vi gjekk dit, tok vi av til høgre, kryssa ei lita bru (som Fieldfare-karane ikkje hadde) og følgde vardane mot Fieldfarehytta – det eigentlege målet for turen – som ligg heilt nede i vasskanten.


Voilà!

Nesten umogleg å få auge på frå andre sida av vatnet, der ho ligg, gøymd under fjellet (eine hytteveggen og -taket er faktisk fjell). Like godt kamuflert som gråtrosten. Linge-karane prøvde seg først i telt, dernest på Veltdalshytta som ligg like ved, noko som fungerte frå mars til mai, men så var det desse sommarturistane, då ...


I juni, 1944, måtte dei finne ei anna løysing. Dette året stod det framleis 380 000 tyske soldatar i Noreg og ingen av dei burde få ferten i kva som gjekk føre seg i Tafjordfjellheimen.



Plank frå Tafjord Kraft-anlegga i området blei bustad-redninga til trioen og 25. juni kunne dei flytte inn i den nye Fieldfarehytta som blei bygd av Rønneberg og Aarsæther. Strømsheim hadde forstrekt ryggen.


I dette beskjedne rommet, der den høge mannen på bildet så vidt klarer å stå oppreist og langt mindre strekke ut beina, budde operasjonsleiar Joachim Rønneberg (han som hadde leia Operasjon Gunnerside i 1943, sjølvaste Tungtvannaksjonen på Vemork, den som stagga tyskarane sitt atombombeprosjekt), snikkar Birger Strømsheim og telegrafist Olav Aarsæther i eitt år.


Dei fekk knapt med mat- og utstyrsforsyning frå Storbritannia på grunn av dårleg vêr i fjellet. Hadde det ikkje vore for eit raust lager nede i Reindalshytta, dit Rønneberg ofte tok turen for å stele med seg mat, hadde dei kanskje ikkje heldt det ut.


Fieldfarehytta er både ei nødbu og eit museum. Her er arbeidsbenken til telegrafist Aarsæther. Ingen turistar kom nokon gong nær hytta, ikkje tyskarar heller.


Om sommaren låg dei tre offiserane og kika på turistane, bada og kosa seg. Om vinteren handla det om å drive etterretning og å kome seg gjennom det. Dei hadde aldri meir enn null grader i hytta, dette for å hindre issmelting.


Joachim Rønneberg (t.v.) var ifølgje ein overordna "very, very intelligent and tremendously tough", skriv Thor Øvrelid i ein artikkel om aksjonen. Det var Rønneberg og Strømsheim som natt til 6. januar 1945 endeleg tok seg til Stuguflåten bru som dei sprengde og slik hindra togtrafikk i tre veker, det lengste jernbanestoppet i landet under krigen.


Og kva med Fieldfarehytta i dag? På veggen inne i hytta heng ei helsing frå dei tre:


Vi håper den i mange tiår fremover vil gi ly og grunn til ettertanke for glade fjellvandrere og bli et særegent minne fra ferien i Tafjord- og Skjåkfjella.

Gjett om ho blei for oss. Måndagen etter, etter ei god natts søvn inne i ei varm og overraskande folkefattig Veltdalshytte, i ly for sludd og skarp vind, var sola attende og vi kunne hoppe heimover over enda større elver og bekkar enn dagen før. Og sementere forelskinga vår i Tafjordfjella.


På gjensyn, Tafjordfjella!

1 visning

© 2020 av Monica Bjermeland. Skapt med Wix.com