Søk
  • Monica Bjermeland

Ny bok i kjømda

Oppdatert: juli 1

For tida arbeider eg som deltidsforfattar på heimekontoret i Oslo, diverse hytter hist og her og, ikkje minst, kjøkkenet til besta og mellom fjella i nordvest.


Eg arbeider for tida halv tid med skriving, formidling og research på heimekontor og halv tid med kommunikasjon ved HL-senteret på Bygdøy.


Kva meir? Eg er journalistutdanna ved Høgskulen i Volda og har tidlegare jobba ein del år innan mediebransjen. Dei siste åtte åra har eg fungert som (vitskaps-)kommunikasjonsrådgjevar med tema som klimakrise, klimapolitikk, minoritetsspørsmål og folkemord. I 2017 tok eg ein master i engelskspråkleg litteratur (UiO). Verdi- og etikkdebattar innanfor alle desse felta, inkludert i litteraturen og filosofien, er det som interesserer meg mest.


Foto: Oda Berby

Roman nummer to, ein exphilroman, er i kjømda og med litt flaks og hardt arbeid bør den vere på plass i ei bokhylle i løpet av 2021.


Forteljinga går i all hovudsak føre seg på nordvestlandet, på ein liten stad mellom Sunnmøre og Romsdal, men sveipar også innom Paris og Athen.



Foto: Oda Berby

Går og grunnar på klimakrisa som tema for eit skriveprosjekt og må nok spekulere litt til. Her er eit knippe snart-gamle tekstar eg har skrive om klimakrisa dei siste åra.


Å vere er å gjere i Syn og Segn, 2019. Understanding 1,5 i KLIMA, 2018.


Thou Shalt Not Kill i KLIMA, 2017. Drama eller følelser? i KLIMA, 2017.


Eg tek oppdrag!

Inviter meg gjerne til lesing og samtale!

Eg er glad i høgtlesing og i å snakke om litteratur og skriving. Hausten 2019 var eg på oppdrag på Ivar Aasentunet, Litteraturhuset i Bergen, Litteraturhuset i Oslo, Biblioteksentralen og Vestnes Folkebibliotek, og tek gjerne turen innom deg også. Siste fysiske møte var på Valderøya i mai 2020. Hausten 2020 skal eg innom 20 niandeklassar i Oslo via Den kulturelle skulesekken.


Eg synest honorarsatsane til Norsk Forfattersentrum er greie.

Send ein e-post til monica.bjermeland@gmail.com

0 visninger

© 2020 av Monica Bjermeland. Skapt med Wix.com